Stadlandet · SeljeIndre Furerøtter og minner
Hansestova – kvitt sveitserhus med prestekrager i forgrunnen© Tove Iren Fure
HansestovaFoto: Tove Iren Fure

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu …»

Midt i Stormlandet – ikkje langt frå Vestkapp finn du denne perla – ein idyllisk stad i Selje Kommune, under Furehornet, ligg Indre Fure – eit vakkert klyngetun. På vinterstid slår bårene frå Stadhavet tett oppmot husa.

Hansestova med prestekrager i forgrunnen© Tove Iren Fure
Hansestova

Klyngetunet

Eit av dei siste klyngetuna her i landet

Indre Fure er nemnt første gong i skrivne kjelder kring 1300–1350-talet, og tunet står i ei klynge slik dei første gardane stod i gamle dagar. Dette er det einaste tunet på Stadlandet som står igjen slik som det var før.

Brukarane som budde her levde hovudsakleg av jordbruk og fiske. Fiske etter laks og hummar gav god inntekt til mange av brukarane.

Namnet gjennom tidene

Frå «i Furum» til Fure

  1. 1306–50«i Furum»
  2. 1520-åra«på Fwræ»
  3. 1585«Furre»
  4. 1600-talet«Fure eller Furre»

Namnet har opphavet sitt av trenamnet furu, meines det. Frå 1563 er det skilt mellom Ytre- og Indre Fure.

Etter Jakob Aaland: Nordfjord – frå gamle dagar til no. II. Dei einskilde bygder, 5. Selje (1943).

Livet er en evig reise tilbake til der du kommer fra.

Hamsun